Om oss

Historia til BYGT.

Røtene til Bygt AS går heilt tilbake til 2002. Vi har vore med på å forme landskapet i vår region i over to tiår, med vèl 270 prosjekt i form av einebustadar, fritidsbustadar og leiligheiter i samarbeid med BoligPartner.

Vår dedikasjon til kvalitet, og fagmiljøet vårt, har gjort oss til ein betydeleg aktør innan hus- og hyttesegmentet i vårt område.

Vi er stolte av å vere BoligPartner sin representant i områda Fjord, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande i Møre og Romsdal, Stranda, Sykkylven, Vanylven, Volda og Ørsta. Kvar stad har sitt unike preg, og vi tilpassar våre prosjekt til å spegle landskapet og behov.

Vi har no flytta vårt kontor til Ulsteinvik. Dette markerar ei ny epoke for oss som selskap. Dagleg leiar Elisabeth Haugen Brune i Ørsta Byggservice AS, startar no opp det nye selskapet: Bygt AS. Dette er eit symbol på vår forpliktelse til å fortsette vår lange tradisjon med kvalitet og engasjement.

Vi har mange års erfaring med både salg og oppføring av hus, hytter og leiligheiter. Bygt er her for å vere din guide gjennom heile byggeprosessen, frå den tidlege planlegginga til den etterlengta overtakinga. Vårt mål er å gjere heile opplevinga så saumlaus og forutsigbar som mogleg - for våre kundar.

Velkomen til BYGT AS, din boligpartner. Saman gjer vi din draumebustad til ein realitet!

plantegning teikning lokalt solid bærekraft varig fagmiljø pålitelig BYGT saman med BoligPartner drømmebolig ørsta byggservice ulsteinvik møre og romsdal

FAGMILJØ

PÅLITELEG

LOKALT

SOLID

BEREKRAFT

VARIG

FAGMILJØ ● PÅLITELEG ● LOKALT ● SOLID ● BEREKRAFT ● VARIG ●