Ofte stilte spørsmål

  • Både hus og hyttekatalog kan du bestille på Boligpartner.no

  • Pris kan variere utifrå kvar du skal bygge. Ta kontakt for informasjon om pris på dei ulike modellane.

  • BRA er bruksarealet innanfor ytterveggane. Dvs. arealet du har til disposisjon innvendig i huset ditt. Innvendige boder blir medrekna her. Eventuell garasje/carport, overbygd terrasse og sportsboder er ikkje inkludert.

    P-Rom er bruksarealet innvendig i huset ekskludert boder, walk-in-closet og liknande.

  • Våre hus byggast ikkje i ferdige modular eller element. Vi bygger din unike heim ute på tomta di. I Boligpartner nyttar vi precut-metoden slik at kvar enkelt komponent har ei nøyaktig lengde, dimensjon og fasong når den fraktast til byggeplass. Precut-metoden gjer at presisjonen er høg og monteringa rask. Det gir deg ei kortare byggeperiode.

  • Det varierer frå prosjekt til prosjekt. Gjennomsnittleg tid er 12 månader frå byggesøknaden er godkjent til overtaking.

  • Det er fullt mogleg å gjere endringar på katalogmodellane våre.

  • Vi handterer alt av prosjektering og byggesøknad for deg.

  • Vi dekker Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda og Fjord.

  • Boligpartner sine kataloghus kan kvalifisere for husbanklån basert på miljøvennlig bolig. Vi har også mange modellar som fell innanfor livsløpsbolig kategorien. Meir informasjon finn du her.

    Ta gjerne kontakt om du ønsker meir informasjon. Vi hjelper til med å fylle ut lånesøknad i husbanken om du ønsker det.

  • I Boligpartner brukar vi norsk tømmer som er både kortreist, av beste kvalitet og frå eit av verdas mest berekraftige skogbruk. Vi nyttar oss av precut-metoden som minimerer svinn og restar av plank som må kastast på byggeplass.

    Les meir om korleis Boligpartner arbeider med våre berekraftsmål her.

    Les meir om precut-metoden her.

    Les meir om kvifor vi bygger i tre her.