Enebolig 3
Tomt 3 – sjå føre deg livet i Eikefjord
Store vindauge, luftige opphaldsrom og ein terrasse som inviterer deg ut. Eikefjord er ein moderne husmodell som gir eit flott utgangspunkt for å skape din nye heim i Kvalsund.
Ein husmodell som løftar fram utsikta.
På tomt 3 har vi skissert Eikefjord som eit døme på korleis tomta kan nyttast. Den langstrekte forma passar fint inn på tomta, dder stue og kjøkken i øvre etasje gir gode moglegheiter til å løfte blikket mot sjøen og landskapet rundt.
Dei store vindaugsflatene slepp inn rikelig med lys. Frå stua kan du gå rett ut på ein romsleg terrasse – ein fin stad for morgonkaffien, ein middag med vener eller ei roleg stund i frisk sjøluft.
Rom for både fellesskap og privatliv.
Den opne løysinga mellom stue og kjøkken gir plass til å samle familie og vener, med eigne soner for matlaging, måltid og avslapping. I den viste planløysinga ligg også hovudsoverommet i øvre etasje, med bad og eit romsleg garderoberom like ved.
På inngangsplanet finn du fleire soverom, vaskerom og praktisk oppbevaring. Integrert carport gjer det enkelt å kome heim med både handleposar og våte turklede.
Planløysinga viser også ein mogleg hybeldel med eigen inngang, opphaldsrom, sovenisje og bad. Det gir eit spennande utgangspunkt for deg som ønskjer ekstra plass til familie eller gjester, eller vil undersøkje moglegheita for utleige.
Din heim, dine val.
Eikefjord er eitt av fleire moglege husval på tomt 3.
Ta kontakt for ein uforpliktande husprat. Vi møtest gjerne på tomta og ser på korleis din husdraum kan ta form.