Velkommen til Kvalsund

Kvalsund – ein ny heim mellom sjø og fjell

Drøymer du om å bygge din eigen heim i vakre kystomgjevnader? I Kvalsund på Nerlandsøya kan du skape ein heim som passar livet ditt, med sjøen, fjella og naturen tett på.

Her finn du rom for ein harmonisk kvardag i eit levande lokalsamfunn i Herøy.

Naturen som næraste nabo

Ein tur etter jobb, frisk sjøluft eller ein roleg morgon med utsikt mot fjella. I Kvalsund er naturopplevingane ein del av kvardagen.

På Nerlandsøya finn du flotte turmoglegheiter, med utsikt over havet og øyane rundt. Her kan du nyte både små kvardagsturar og lengre dagar ute som Teigetua og Muletua.

I byggefeltet er det sett av eit felles leikeområde for dei minste - ein framtidig møteplass for leik, naboskap og gode kvardagsstunder.

Ro på øya – bylivet i nærleiken

I Kvalsund kan du nyte rolege omgjevnader og samtidig ha kort veg til Fosnavåg.

Her ventar butikkar, kafear, restaurantar og kulturtilbod – anten du skal ordne eit ærend, møte vener eller nyte ein middag ute. Bruene knyter Nerlandsøya til resten av nærområdet og gjer det enkelt å kome seg vidare.

Di tomt. Din husdraum.

Korleis ser din draumeheim ut? BYGT hjelper deg med å finne eit hus som passar tomta, behova og budsjettet ditt.

Tre tomter – tre forslag til din nye heim

Vi har prosjektert tre ulike husmodellar på tomtene i Kvalsund, slik at du lettare kan sjå føre deg din framtidige heim. Husa kan tilpassast dine ønske og behov.

Sjå nærare på kvar tomt og bustad nedanfor – og finn din favoritt.

Reiseavstander

Fosnavåg sentrum
5 minutt med bil
Daglegvare
5 minutt med bil
Tur og fjellstiar
Resturant
5 min med bil
Busstopp
5 min gåavstand
Nerlandsøy Skule
1,2 km

Foto: Cecilie Hatløy / Møre Media AS

Prosjektframdrift

  • PlanleggingNo
  • Salsstart01.10.26
  • ByggjestartQ1 - 2027
  • InnflyttingQ1 - 2028

Visningar

Vising etter avtale

Kontakt oss

Elisabeth Haugen Brune

Elisabeth Haugen Brune

BYGT AS

Meld interesse

Vi handsamar informasjonen du sender i tråd med vår personvernerklæring