Tomt nr 17 - 4mannsbustad

Prosjektet på Storehaugen tomt 17 består av ein moderne 4-mannsbustad over to etasjar, utvikla av Nordic Builders Group. Her får du arealeffektive og prisgunstige bustader med smarte planløysingar og gode kvalitetar – perfekt for både førstegongskjøparar, små familiar og dei som ønskjer ein enklare kvardag.

Bustadene inneheld:

  • 3 soverom

  • Romsleg bad/vaskerom

  • gang med plass til garderobe

  • Lyst og innbydande allrom med stove og kjøkken i open løysing.

Med eit bruksareal på 64 m² får du ei bustad som utnyttar kvar kvadratmeter på ein smart og funksjonell måte.

Frå stova er det utgang til balkong eller markterrasse, der du kan nyte gode solforhold og flotte uteområde. Kvar bustad får også carport og eiga sportsbod på 5 m² – praktiske løysingar som gjer kvardagen enklare.

Storehaugen bustadfelt ligg solrikt og attraktivt til på Larsnes, med kort veg til butikk, skule, barnehage og flotte turområde. Her bur du i eit trygt og roleg nærmiljø med sjø og fjell tett på.

Enheter

Enhet
Pris

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Meld interesse

Vi behandler informasjonen du sender i henhold til vår personvernerklæring