Tomt nr 15 - Einebustad eller tomansbustad

Tomt 15 er sørvestvendt og har utsikt mot havet, Stadtlandet og øyane Sandsøya og Kvamsøya. Plasseringa gir gode solforhold store delar av dagen, og området har lite trafikk.

På denne tomta planlegg vi oppføring av ein moderne og arealeffektiv tomannsbustad, med to praktiske leilegheiter på eitt plan. Dette er bustaden som passar perfekt for deg som ønskjer ein lettstelt kvardag, lågare buutgifter og mindre vedlikehald.

Leilegheitene har ei smart og funksjonell planløysing der arealet er godt utnytta. Den opne stove- og kjøkkenløysinga skapar eit lyst og sosialt opphaldsrom med direkte utgang til uteplass. Kvar bueining inneheld mellom anna:

  • 2 gode soverom

  • Praktisk bod som også kan nyttast som kontor eller gjesterom

  • Bad

  • Romsleg gang/entré

  • Open stove- og kjøkkenløysing med gode lysforhold

  • Flotte uteplassar på bakkeplan

Med ei flat og solrik tomt som denne får du eit uterom som er enkelt å utnytte - enten du ønskjer plen, leikeareal eller romslege terassar.

Bruksarealet er om lag 64 m² per bueining, noko som gir ein kompakt og lettstelt bustad med lågare straumforbruk og enklare vedlikehald.

Dette er ein bustad som passar svært godt for:

  • førstegongskjøparar

  • små familiar

  • par som ønskjer ein enklare bustad

  • dei som vil gå frå einebustad til noko mindre og meir lettstelt

Bustaden vert oppført ved sal, og kjøpar vil ha moglegheit til å påverke enkelte løysingar og tilval i prosessen.
Dette er ei fin moglegheit til å sikre ein ny og moderne bustad med lite vedlikehald og gode kvalitetar i eit roleg og attraktivt område!


Ta kontakt med Elisabeth idag for meir informasjon, teikningar og visning av tomta!

Fasiliteter

Balansert ventilasjon
Balkong/terrasse
Barnevennlig
Offentlig vann/kloakk
Turterreng
Utsikt
Lademulighet

Plantegninger

Enheter

Enhet
Pris

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Meld interesse

Vi behandler informasjonen du sender i henhold til vår personvernerklæring