Tomt nr 2
Tomt nr 2 - ligg heilt i enden av feltet, som gir deg ei tilbaketrekt og lite traffikert plassering, perfekt for deg som ynskjer fred og ro i kvardagen.
Tomta ligg høgt og fritt med ca. 17 meter over havet, og har nydelig utsikt mot omliggande landskap. Her kan du nyte både solrike dagar og vakre kveldsstunder - med lite innsyn og naturen tett på.
Fordelar med tomta si plassering:
Endetomt i byggefeltet - gir færre naboar og mindre gjennomgangstrafikk
Barnevenlig og stille område, ideelt for familiar
Flotte solforhold frå morgon til kveld
Panoramautsikt mot havet, Stadt, Sandsøya og Kvamsøya
Gode turmoglegheiter rett utanfor døra
Kort veg til butikk, skule, barnehage, kollektivtransport og sentrum.
Bufjord – moderne bustad med dobbelgarasje og takterasse
På denne tomta på Storehaugen har vi valt Bufjord – ein moderne og svært innhaldsrik enebolig, godt tilpassa skrå tomt. Bustaden kombinerer funksjonelle løysingar med eit tydeleg arkitektonisk uttrykk, og gir rikeleg med plass til både kvardagsliv og sosiale samankomstar.
Bustaden har integrert dobbelgarasje med direkte adkomst inn i huset, slik at du kan gå tørrskodd rett inn – praktisk i ein travel kvardag. Her får du også rikeleg med lagringsplass, eige vaskerom, to bad og heile fire soverom, godt fordelt over to etasjar.
Eit av dei store høgdepunkta i Bufjord er den romslege takterrassen over garasjen, på over 30 m². Denne fungerer som eit ekstra uteareal med gode solforhold og plass til både utemøblar og sosiale samlingar.
Stove i begge etasjar gir fleksible soner for både familie og gjester. I hovudstova skapar mønt himling og store skråvindauge eit lyst og luftig allrom med god takhøgd og ei open, moderne kjensle.
Bufjord på Storehaugen er eit solid og gjennomført bustadval for deg som ønskjer god plass, høg komfort og smarte løysingar, tilpassa terrenget og familien sine behov – både no og i framtida.
Bujord er eitt av fleire bustadforslag frå vår huskatalog. Ønsker du noko heilt unikt, kan vi òg tilby arkitektteikna løysingar - eller tilpasse eit kataloghus slik at det passar dine behov, tomt og livsstil.
Alt dette er inkludert i prosjektet:
Tomt
Grunnarbeid og betongarbeid inkl. radonsikring
Utvendig kledning (grunna)
Innvendige overflater med tregulv og flis, samt ubehandla gips
Kjøkken frå Aubo med kvitevarer
Elektriske installasjonar, VVS, varmekablar og pipe med peis
Byggesaksgebyr, tilkopling til vatn og avløp, samt full prosjektering og byggesøknad
Du kan flytte inn utan bekymringar - her er alt planlagt og kvalitetssikra frå A - Å
Her får du ein komplett bustadpakke - på ei unik tomt - i eitt av dei vakraste og mest fredfulle områda på Sunnmøre!
Ta kontakt for meir informasjon, teikningar og visning - dette er ei moglegheit du ikkje vil gå glipp av!