Sentrumsnært med vid sjøutsikt og flammande solnedgongar
På Skeide ligg to flotte seksjonar klare for deg som ønskjer å bygge nytt. Her bur du fint og fritt med vid utsikt mot sjøen, gode solforhold og naturen tett på – samtidig som du har kort veg til Ulsteinvik sentrum.
Området passar godt for både små og store. Her er det kort veg til skule, barnehage og daglegvare, flotte turmoglegheiter rett utanfor døra og berre om lag 2 km til badestrand.
Plasseringa gir deg med andre ord litt av begge delar – rolege omgjevnader og god plass rundt deg, utan å måtte gi slepp på nærleiken til sentrum.
To seksjonar – fleire moglegheiter
Illustrasjonen viser vårt forslag til korleis bustadene kan plasserast, med private uteplassar og parkering, men du er ikkje låst til husmodellane som er viste. Vi har fleire arkitektteikna bustader å velje mellom, med gode moglegheiter for tilpassing innanfor rammene for tomta.
Vi hjelper deg gjerne med å finne ei løysing som utnyttar utsikta og solforholda best mogleg – og som samtidig passar behova og budsjettet ditt.
Sjå videoen og få eit betre inntrykk av tomta, området og den flotte utsikta.
Illustrasjonen viser førebels forslag til plassering og utnytting av eigedomen. Endringar kan førekomme.
Prosjektfremdrift
- Planlegging
- SalgsstartFor salg
- Byggestart
- Innflytting