Einebustad - tomt nr 6

Tomt 6 - Einebustad

Skrå tomt med vidstrakt utsikt og uendelege moglegheiter.

Her har vi foreslått ein einebustad frå vår huskatalog. Tysfjord er ein moderne og elegant einebustad med sokkeletasje, perfekt tilpassa denne tomta.
Her er inngangen lagt til baksida av huset, slik at du kjem rett inn på hovudplanet frå tunet - medan underetasjen vender ut mot hagen på framsida.

Frå det lune og overbygde inngangspartiet går du inn i ei lys og triveleg entré, med plass til skyvedørsgarderobe og eit praktisk gjestetoalett like ved.

Kjøkkenet er husets midspunkt - romsleg, lyst og med mønt himling og skrå vindauge som slepp inn rikeleg med dagslys. Her er det god plass til både matlaging og samvær, og peisen på kjøkkenet gjer rommet ekstra varmt og stemningsfullt.

På same plan finn du ei separat TV-stove med utgang til ein lun, overbygd balkong - ein perfekt stad for morgonkaffien eller ein stille kveld. Hovudsoverommet ligg òg på dette planet, med eige walk-in-garderobe og bad. Etasjen er universelt utforma, slik at du har alt du treng på eitt plan - komfortabelt, funksjonelt og framtidsretta.

I underetasjen opnar huset seg mot hagen. Her finn du to soverom, ei ekstra stove, bad, vaskerom og heile to boder - til saman 18 m² med oppbevaringsplass!
Denne etasjen gir mange moglegheiter, kanskje med treningsrom, hobbyrom eller vinkjellar?

Tysfjord er eit funksjonelt og moderne heim med naturleg tilpassing til terrenget - perfekt for deg som ønskjer ein gjennomtenkt bustad med lys og luft.

Huset er eit forslag frå vår huskatalog, men kan sjølvsagt tilpassast dine ønskje. Vi byggjer både arkitektteikna bustadar og kataloghus som formar seg etter tomta og livsstilen din.

Plantegningar

Visningar

Vising etter avtale

Kontakt oss

avatar

Elisabeth Haugen Brune

Meld interesse