Einebustad - tomt nr 1

Tomt 1 – Ligg i grøne omgjevnader, med fin utsikt og berre 300 meter til strand og sjøliv.

Her har vi foreslått eit arkitektteikna hus, spesielt tilpassa tomta og som utnyttar både plass og omgjevnadane på ein svært god måte. Resultatet er ein innhaldsrik og gjennomtenkt bustad med funksjonell planløysing.

I underetasja finn du romslege soverom, ei eiga stue som ligg skjerma frå soveromma, eit stort bad og eit praktisk vaskerom.
Her er òg to gode boder og ein stor hall med direkte tilkomst til garasja.

I hovudetasjen vert du møtt av eit opent og luftig opphaldsrom med høg himling og store vindauge som slepp inn rikelig med lys og git flott utsyn.
Kjøkkenet er romsleg og passar godt til både kvardags og når du har gjestar. Etasjen har også eit bad og to soverom - der det eine enkelt kan gjerast om til walk-in-garderobe om du ønskjer det.

Som eit ekstra pluss har bustaden ein stor takterasse på over 30 m², plassert over garasjen - eit perfekt område for avslapping til ei fantastisk utsikt!
Fakta om bustaden:

  • Bruksareal: Ca. 205 m²

  • Soverom: 4 stk

  • Bad: 2 stk

  • Stove/kjøkken: Open løysing på heile 48 m²

  • Ekstra stove i underetasjen – perfekt som ungdomsstove eller gjesterom

  • Vaskerom, bod og sportsbod

  • Garasje på 30 m² med direkte inngang til huset

  • Balkong og uteplass mot sørvest for gode solforhold

  • Tomta ligg fint til i terrenget med delvis sokkeletasje, som gir god utnytting av arealet

Fleksibel bustad – dine ønskjer i fokus!
Den innteikna bustaden er berre eitt av mange moglegheiter. Her kan du forme bustaden slik du vil – frå planløysing til stil og storleik. Moglegheitene er mange!
Vi hjelper deg gjerne med å tilpasse løysinga etter dine ønskjer!

Fasilitetar

Balansert ventilasjon
Balkong/terrasse
Barnevenleg
Garasje/p-plass
Lademoglegheit
Offentleg vatn/kloakk
Parkett
Peis/Ildstad
Turterreng
Utsikt

Plantegningar

Visningar

Vising etter avtale

Kontakt oss

avatar

Elisabeth Haugen Brune

Meld interesse