VELKOMEN TIL VAKRE ERSTESVÅGEN

No har du ein unik moglegheit til å sikre deg ei av tre attraktive tomter i Ertesvåg tomtefelt i Ulstein kommune.

Å busette seg i Ertesvåg handlar om å få ein enklare kvardag, og meir tid til det som verkelig betyr noko. Her har du alt du treng i nærleiken. Kort veg til jobb, barnehage, skule og butikkar. Kortare reiseveg betyr mindre stress og meir tid til det du set pris på.

Er du glad i naturen, har du både sjø og fjell rett utanfor døra. Fantastiske turmoglegheiter ventar, anten du vil gå ein rolig kveldstur på fjellstiar, sykle langs naturskjønne vegar, eller ta ein forfriskande dukkert i sjøen.

Når pendling og logistikk tek mindre plass i kvardagen, får du meir tid til familie, trening, fritid og hobbyar. Livet i Ertesvågen gir ein perfekt balanse mellom kvardagsliv og naturopplevingar - ein plass der du kan finne ro, samstundes som du har alt du treng berre ein kort køyretur unna.

Tomt 1, 5 og 6 kan byggjast som einebustad eller tomannsbustad.
BYGT er din samarbeidspartner som kan realisere din draumebustad på desse tomtene!

ERSTESVÅGEN
- KORT VEG TIL SENTRUM OG EIT RIKT BYLIV

Når du bur i Ertesvågen, har du det beste frå to verdener - rolige omgjevnader med fantastisk natur rett utanfor døra, og samtidig kort veg til sentrum av Ulsteinvik.

Byen byr på eit levande og koselig sentrum med fleire kafear der du kan nyte ein kopp kaffi, kjøpe fersk bakst til kvardagen eller bruke som eit sosialt treffpunkt.

Du finn også eit moderne hotell med både kino og konsertar, samt fleire spennande festivaler og arrangement gjennom året.

For dei som set pris på god mat og hyggelige opplevingar, fins det fleire resturantar og kafear ein kan samlast med vener eller familie. Ulsteinvik har eit pulserande og inkluderande miljø.

ULSTEIN - EIT LEVANDE SENTRUM FOR IDRETT

I Ertesvågen og i nærområdet treff du eit lokalsamfunn som legg vekt på å skape eit positivt miljø for alle, uavhengig av alder, kjønn eller bakgrunn. Her finn du eit mangfald av idretts- og kulturtilbod, med mange klubbar som fokuserer på trivsel og fellesskap.
Du kan engasjere deg i ulike aktivitetar, enten som utøvar eller publikummar.
I tillegg til lokale klubbar, har Ulstein fleire tilbod for ein aktiv kvardag:

  • Ulstein Arena. Dette moderne anlegget er eit samlingspunkt for ulike aktivitetar. Her finn du Ulsteinbadet, Ulstein Bibliotek, Idrettshall, Klatrehall og ein kosleg kafè og turistinformasjon. Ulstein Arena legg tilrette for både trening og sosiale møteplassar.

  • Sykkelpark- Terrengsykkelbane på Hofset som tilbyr trasear og stiar med utfordrande hopp. Lågterskeltilbod som er åpent for alle

  • Bugardsmyrane - eit populært friluftsområde sommar og vinter. Området har gapahuk med bord og benkar og bålpanne til fri bruk.

  • Tufteparken - utandørs treningspark med fleire apperat, lokalisert i Bugarden nær ulssteinmarka. Parken er open for alle døgnet rundt og tilbyd gratis trening.

.... OG KULTUR

  • Sjøborg kulturhus og kino tilbyr både film, live teater, konsertar og stand-up show.

  • Ulsteinvik arrangerar fleire festivalar og kulturelle arrangement gjennom året, noko som skapar eit levande og inkluderande miljø

  • Småbåtshavna og gjestehamner. Ulsteinvik byr på eit rikt båtlov med fleire fasikitetar og aktivitetar for båtinteresserte.

Ertesvåg bustadfelt kan tilby

Fantastiske turmoglegheiter
Daglegvare
2,5-3 km
Ulsteinvik by - sentrum
7 km
Barne og Ungdomsskule, VGS
2,5 km - 7 km
Hovden Flyplass
31,5 km
Strandsone
300 meter
Cafè og Restaurant
7 km
Bussforbindelse
200 m

Foto: Cecilie Hatløy / Møre Media AS

Prosjektframdrift

  • Planlegging01.04.25
  • Salsstart01.04.25
  • ByggjestartEtter solgt einheit
  • Innflyttingca 1 år etter kontrakt

Visningar

Vising etter avtale

Kontakt oss

avatar

Elisabeth Haugen Brune

Meld interesse