Rekkehus 9
MODERNE HEIM MED UTSIKTA I FOKUS
Ein moderne og arealeffektiv bustad over to plan, der store vindusflater og den opne stove- og kjøkkenløysinga slepp inn rikeleg med lys – og legg til rette for å nyte utsikta frå hovudetasjen.
Her får du rundt 105 m² BRA-i med tre soverom og to bad, i tillegg til eige vaskerom/bod og praktisk sportsbod. På hovudplanet ligg det sosiale hjartet i bustaden: ei romsleg stove- og kjøkkenløysing med utgang til veranda.
Carporten er integrert under bustaden, slik at du kan gå tørrskodd frå bilen og inn. Den moderne arkitekturen, trekledninga og dei store vindusflatene gir bustaden eit stilreint uttrykk som passar godt inn på Tueneset.
Ein innhaldsrik heim på akkurat passe mange kvadrat – med plass til både kvardagsliv, familieliv og gode stunder.