Bu med utsikta i første rekke
TUENESET – Nye heimar med sjøutsikt og gode solforhold
Velkomen til Tueneset på Dimnøya – eit roleg og attraktivt bustadområde med flott utsikt mot sjøen, gode solforhold og naturen tett på.
Her kan du nyte roa og utsikta heime, samtidig som det er kort veg til det du treng i kvardagen. Skule, barnehage og daglegvare ligg berre få minutt unna, og Ulsteinvik sentrum er om lag 6,4 km frå Tueneset.
BYGT arbeider no med nye bustader på Tueneset, der vi ønskjer å utnytte den flotte plasseringa og utsikta best mogleg. Vi tilbyr moderne, arkitektteikna bustader med gode planløysingar og moglegheiter for individuelle tilpassingar.
Drøymer du om ny bustad på Tueneset? Ta kontakt med oss – kanskje er det her din neste heim skal vere.
NATUREN OG NÆRMILJØET RETT UTANFOR DØRA
På Tueneset bur du tett på både sjøen og naturen, i eit roleg og familievennleg område på Dimnøya. Her er det god plass til kvardagslivet, med fine nærområde for både små og store – og flotte moglegheiter for turar, aktivitetar og dagar ved sjøen.
Området rundt Dimnøya byr på mykje for deg som likar å vere ute. Du har sjøen tett på, turterreng i nærleiken og gode moglegheiter for både båtliv, fiske og friluftsliv. Samtidig er det kort veg til skule, barnehage og daglegvare på Hasund/Sundgot.
Og når du ønskjer litt meir liv og aktivitet, er Ulsteinvik berre ein kort køyretur unna. Her finn du eit breitt utval av butikkar, kaféar, kultur- og fritidstilbod – før du kan trekkje deg tilbake til roa og utsikta på Tueneset.
Ein fin kombinasjon for deg som ønskjer naturen tett på, eit godt nærmiljø og sentrum innan rekkevidde.
Finn din plass på Tueneset
Prosjektfremdrift
- Planlegging01.09.26
- SalgsstartNo
- Byggestart
- Innflytting