Tomt nr 15 - Einebustad eller tomansbustad
Tomt 15 er sørvestvendt og har utsikt mot havet, Stadtlandet og øyane Sandsøya og Kvamsøya. Plasseringa gir gode solforhold store delar av dagen, og området har lite trafikk.
Huset Isesjø på tomt 15 er eit av våre anbefalte løysingforslag - utvikla for å utnytte tomta optimalt og gi deg ein moderne, funksjonell heim med høg kvalitet.
Samtidig står du heilt fritt til å velje ei anna husmodell frå vår katalog, eller få teikna eit heilt unikt, arkitektteikna hus etter dine eigne behov og ynskjer. Vi samarbeider tett med deg for å finne løysinga som passar best - både når det gjeld planløysing, storleik, utrykk og budsjett.
Tilbake til modellen Isesjø: dette huset er utvikla med utgangspunkt i det kundane våre oftast verdset - luftige rom, praktiske løysingar og flotte uteområde.
Her får du ein heim som er perfekt for både kvardagsliv og selskap. Planløysinga over to etasjar gir deg:
4 soverom
2 bad
Separat vaskerom
Sove i begge etasjar
Foreldresuite i 2 etasje med hotellkjensle i kvardagen
Romsleg, overbygd takterasse
Carport og sportsbod integrert i huskroppen
Flotte uteplassar på begge plan
Med ei flat og solrik tomt som denne, får du eit uterom som er enkelt å utnytte - enten du ynskjer plen, leikeareal eller ei lun hagestove.
Vårt mål er enkelt: Du får bustaden du drøymer om, skreddarsydd til tomta, omgivelsane og behova dine.
Ta kontakt med Elisabeth idag for meir informasjon, teikningar og visning av tomta!