Tomt nr 2
Tomt nr 2 - ligg heilt i enden av feltet, som gir deg ei tilbaketrekt og lite traffikert plassering, perfekt for deg som ynskjer fred og ro i kvardagen.
Tomta ligg høgt og fritt med ca. 17 meter over havet, og har nydelig utsikt mot omliggande landskap. Her kan du nyte både solrike dagar og vakre kveldsstunder - med lite innsyn og naturen tett på.
Fordelar med tomta si plassering:
Endetomt i byggefeltet - gir færre naboar og mindre gjennomgangstrafikk
Barnevenlig og stille område, ideelt for familiar
Flotte solforhold frå morgon til kveld
Panoramautsikt mot havet, Stadt, Sandsøya og Kvamsøya
Gode turmoglegheiter rett utanfor døra
Kort veg til butikk, skule, barnehage, kollektivtransport og sentrum.
Romsleg einebustad med utleige og smarte løysingar
Huset vi har foreslått på denne tomta er frå vår katalog. Lysefjord er ein gjennomtenkt familieheim med klassisk uttrykk og utleigeleilegheit - skapt for deg som ønskjer både komfort og funksjonalitet.
Dette huset er teikna for skrå tomter og utnytter terrenget naturleg. Her får både hovuddelen og leilegheita gode lysforhold, direkte utgang til hage og lune uteplassar.
Når du køyrer inn i garasjen, kan du gå tørrskodd rett inn i huset. Vaskerommet ligg praktisk til ved inngangen - perfekt for våte klede, støvlar og kvardagslogistikk. Den romslege hallen gir ein lun og innbydande start på heimen , med plass til både garderobe og kvardagsflyt. Her finn du òg sportsbod, WC, og eitt av hovuddelen sine fire soverom - ideelt som gjesterom, tenåringsrom eller heimekontor.
I hovudetasjen opnar bustaden seg verkeleg. Det store opphaldsrommet med open løysing mellom stove og kjøkken har vindauge i fleire retningar, gir rikelig med dagslys og flott utsyn. Her er det plass både kvardagsmiddag og festlag, og frå stova har du utgang til ei overbygd veranda - ein perfekt stad for morgonkaffe eller lange sommerkveldar.
Etasjen rommar òg tre soverom og eit romsleg bad med både dusj og badekar.
I den andre delen av underetasja ligg den separate leilegheita - ei moderne og gjennomtenkt løysing med eigen inngang, to soverom, kombinert bad og vaskerom, og ei open stove-/kjøkkenløysing. Perfekt som utleigeeining, generasjonsbustad eller ei trygg framtidsløysing når behova endrar seg.
Huset kan sjølvsagt med enkle grep gjerast om til ein einebustad utan leilegheit - fleksibelt, praktisk og framtidsretta.
Lysefjord er eitt av fleire bustadforslag frå vår huskatalog. Ønsker du noko heilt unikt, kan vi òg tilby arkitektteikna løysingar - eller tilpasse eit kataloghus slik at det passar dine behov, tomt og livsstil.
Alt dette er inkludert i prosjektet:
Tomt
Grunnarbeid og betongarbeid inkl. radonsikring
Utvendig kledning (grunna)
Innvendige overflater med tregulv og flis, samt ubehandla gips
Kjøkken frå Aubo med kvitevarer
Elektriske installasjonar, VVS, varmekablar og pipe med peis
Byggesaksgebyr, tilkopling til vatn og avløp, samt full prosjektering og byggesøknad
Du kan flytte inn utan bekymringar - her er alt planlagt og kvalitetssikra frå A - Å
Her får du ein komplett bustadpakke - på ei unik tomt - i eitt av dei vakraste og mest fredfulle områda på Sunnmøre!
Ta kontakt for meir informasjon, teikningar og visning - dette er ei moglegheit du ikkje vil gå glipp av!