STOREHAUGEN
Solrike og byggeklare tomter midt i Larsnes.
Velkomen til Storehaugen - eit nytt bustadfelt i idylliske Larsnes i Sande kommune. Her finn du romslege og solrike tomter omgitt av fjell, sjø og eit aktivt lokalsamfunn.
Tenk deg å våkne til morgensol over fjorden, medan du veit at barnehage, skule, butikk og legesenter berre er nokre minutt unna. Slik kan kvardagen bli på Storehaugen. Her får du det beste frå to verdar - eit trygt og roleg bustadmiljø med alt du treng i kvardagen innan kort rekkevidde, og naturen som din næraste nabo.
BYGT er din samarbeidspartnar når draumehuset skal realiserast.
Her kan du velje mellom:
Tomt 2 og 15; einebustad eller tomannsbustad
tomt 17: fleirmannsbustad / bustadprosjekt
BYGT tilbyr nøkkelferdige, arkitektteikna løysingar - perfekt for både private og små utbyggjarar.
KORT VEG TIL KVARDAGENS GODE
Berre ein kort rusletur unna kan du handle ferske varer på Joker, ta ein kaffipause på Kroa, trene på det lokale treningssenteret eller låne ei god bok på biblioteket – alt på få minutt frå døra di.
Barnefamiliar har barnehage, skule og SFO ved Larsnes oppvekstsenter like i nabolaget. Ungane kan gå trygt til og frå skulen, omringa av eit inkluderande nabolag og kjende fjes.
EIT LEVANDE LOKALSAMFUNN
På Larsnes møter du eit engasjert og inkluderande bygdesamfunn med omlag 880 innbyggjarar - ein stad der folk helsar på gata, og det alltid er noko kjekt på gang.
For deg som set pris på frisk luft, ligg moglegheitene rett utanfor dørstokken:
Den lune badestranda ved ferjekaia inviterer til både sommarbad, grilling og stille kveldar ved sjøen.
Vardevegen startar like bak sentrum og slynger seg oppover landskapet, heilt til Gapahuken og vidare til Storehaugen. Perfekt for ein liten ettermiddagstur eller ei lengre utflukt.
Du finn fleire gode møteplassar som gjer bygda levande:
Landsbyhuset Breidablik - hjartet i bygda, der små og store samlast til alt frå sommarfestar, quizkveldar og Feel-it show eller private treff.
Kråen Gard har servering og sal av heimelaga mat med fokus på lokale råvarer. Her blir det hyppig arrangert quizkveldar, intime konsertar, sauna ved sjøen og utleige til private selskap, alt i sjarmerande kystlandskap. Treng du overnatting har dei fleire mikrohus og tilbyr fantastisk vertskap gjennom heile opphaldet.
Rønneberghuset er eit restaurert historisk hus frå 1879 som blir nytta som selskapslokale, der dei serverar heimelaga mat tufta på lokale råvarer til private selskap og kulturkveldar. Ein stad ein kan nyte gode måltid og hyggelig stemning året rundt.
KroA - eit lokale drive av Larsnes Idresttslag, ope for alle. Kvar onsdag inviterer helselaget til Treffpunkt, med kaffi, ferske vafler og gode samtaler.
Her blir det også arrangert ungdomsklubbar og pub-kveldar med 18års aldersgrense.
EIN STAD MED ARBEIDSLIV OG MOGLEGHEITER
Larsnes er også ein stad med puls – her finn du solide arbeidsplassar som Larsnes Mek. Verksted, fleire lokale verksemder og trygge jobbar innen helse, omsorg og tekniske tenester i kommunen.
Kort veg til jobb betyr meir tid til det som verkeleg betyr noko: familie, turar i fjellet eller ein stille stund ved fjorden.
Storehaugen er ikkje berre ein stad å bu - det er ein stad å leve.
Kjenner du at du får lyst til å bli ein del av det gode livet på Larsnes? Då er Storehaugen bustadfelt perfekt for deg! Samtidig som du bur roleg og naturnært, finn du puls, møteplassar og sosialt nettverk rett rundt hjørnet!
Prosjektfremdrift
- Planlegging
- Salgsstart
- Byggestart
- Innflytting