5 ting å tenke på når du skal bygge nytt hus.
Det er mange ting å ta hensyn til når ein skal starte prosessen med å bygge eit nytt hus. Her er fem ting du bør ha i tankane heilt frå start for ein smidigare prosess.
SOLFORHOLD
Invester i ein app som analyserer solforhold på tomta di. Slik får du god oversikt over når og kvar sola kjem på tomta.
UTEOMRÅDE
Sjekk vindforhold på tomta. Dersom huset er veldig værutsatt er det smart å sjå på dette saman med ein arkitekt for å skape lune uteområde. Ei skjerma, overbygd terrasse gjer uteområdet meir brukbart på våre trakter.
STØY
Sjekk støysonekart. Dersom tomta di ligg i gul eller raud støysone må ein bestille støyrapport. Her får du oversikt over eventuelle tiltak som må til. Dette kan for eksempel være støygjerde på delar av tomta, lyddempande vinduage, flytting av vindauge, plassering av soverom etc.
TOMT OG TOPOGRAFI
Kva hustype passar til di tomt? Ta ei tomtebefaring med huskonsulenten og ein grunnentreprenør for å innhente råd og informasjon. Ofte har grunnentreprenøren erfaringar frå området du ønsker å bygge i og sit på nyttig informasjon om grunnforholda.
REGULERINGSBESTEMMELSAR
Sjekk heimesida til din kommune for oversikt over reguleringsbestemmelsane for di tomt. Her finn du krav til møne- og gesimshøgd, BYA % (tomteutnyttelse), parkering med meir. Dei kan også sette føringar for stil og uttrykk på huset.